Grendacup 2011
Då er påmeldingsvindauge lukka for denne gong og ein kan konkludere med svært god påmelding til arrangementet også i år.
12 lag er påmeldte til fotballcupen og heile 14 lag er påmelde til miniatyrskytinga.
Dette blir moro for liten og stor og vi ynskjer velkomne både deltakarar og tilskodarar frå kl. 10,00 andre juledag.
Overskotet av arrangementet går i år til prosjektor og lerret som skal monterast i foajeen i Ørskoghallen.
Mat til JulSom tidlegare år arrangerer Ørskog Vidaregåande skule salgsmesse i Ørskoghallen førstkommande laurdag 10.desember frå kl 11,00-14,00
Sist oppdatert (onsdag 07. desember 2011 15:09) Grendacup 2011
Skibyttedag9. klasse ved Sjøholt skule invitere til skibyttedag i Ørskoghallen (foajeen) mandag 28. nov kl 18,00-20,00. Om du har brukt vintersportutstyr som du ikkje brukar eller som kanskje er blitt for lite. Då er dette ei gylden muligheit til kanskje å få bytta utstyret til noko som passar betre. Alle ordnar "businessen" sjølv og set ein pris på kva dei ynskjer å omsette.
Kaffe og noko å bite i skapar god trivsel på slike tilstellingar og vil vere på plass også her. Sist oppdatert (mandag 28. november 2011 10:58) KM 19 2011KM G19 år er ferdig for i år. Alle resultat ligg ute på "My livescore" . Hødd drog sikkert og trygt sigeren i land med 4-1 etter ein forrykande finale mot Aksla2. Bronsefinalen gjekk mellom naborivalane Ørsta og Volda. Her drog Volda i land sigeren. Nokre bilete frå arrangementet. |



